Julebygda kapell

Julebygda kapell i vinterdraktAlt tidleg på 1900 talet starta dei fyrste tankane og aktivitetane om å byggje ei kyrkje i Julebygda. Forskjellige byggjekomitear arbeidde fram planar og kvinneforeiningar i bygda samla inn pengar. Planlegginga vart avbroten av to verdskrigar, men omsider på 1950 talet kom ein i gang med bygginga etter teikningar av arkitekt Hansteen, sjølvsagt då på dugnad. Grunna rasjonering på byggematerialar, møtte dei fleire hindringar i arbeidet, men i 1957 sto kapellet ferdig og vart overlevert 23. november. Dagen etter, 24. november vart kapellet vigsla av biskop Karl Martinussen med assistanse av prost Tonstad og fleire prestar. Det vart gitt mange gåver i samband med innviinga.

Kapellet er 24 m langt og 13,5 m breit, mens spissen på tårnet ragar 30 meter over bakken. Kapellet har sitjeplass til 320.

1. desember 1967 vart Høyland prestegjeld delt og Gand prestegjeld vart skipa. I ca. 11 år var Julebygda kapell soknekyrkje inntil den nye Gand Kyrkje vart vigsla 5. desember 1978.

Vanlig turnus i Kapellet har vore gudsteneste annankvar sundag. Mange ynskjer å døypa barna sine i det flotte kapellet og ikkje minst er det og populært å gifte seg der. Den nye kapellstova vart påbegynt i september 2004 og alt 12. desember same året vart nybygget teke i bruk ved festgudstenesta. Kapellstova vert nytta til samtalar med dåpsforeldre og brurepar, til konfirmantundervisning og sundagsskule. Kyrkjekaffi etter kvar gudsteneste er fast program. Elles er og dametreff, karatreff og småbornstreff faste innslag i Kapellstova.

Meir om kapellet kan du lesa i Julebygdboka, bind I, og i jubileumsheftet som kom ut i samband med 50-års jubileet.

Kapellet by night

Kveldsbilete av Kapellet teke av Ronald Mong. Legg merke til at det er brøyta til inngangen for rullestolbrukarar til høgre i biletet.

Link til Gand kirke: http://www.gand.no/

 
<< Forrige

Henvendelser vedrørende Julebygda.com

Tore Folkvord

N.N.

N.N.

Austvoll Trevare
Rubicon
Thutre
Trippelbygg
Lothe Rør AS
Kverneland Næringspark
Jonas Hegre AS
Årsvold Kran og Hydraulikk
Øyvind Asheim
Leavarden Holding
Gabbi
Klingsheim Hogst & Hage
Lothe Bygg
Folkvord planter
Folkvord Gårdsutsalg
Nettstedet er utviklet av InBusiness AS